|

Bileta på skjenken
av
Bjørg Sandvik
Eg lyt
blankpussa gamle bileta på skjenken
ei mor og ein
far og bestå og oldebesten
Mest så dei er
med meg her I småpraten
tru om dei
nett no ser ned på meg forresten
Tek meg ei
tatlestund med støvkluten i handa
mest så mor si
hand stryke meg på panna
tru om mor nå
slepp å tørka støv av borda
berre passa på
oss og har augo mot jorda
Eg kan sjå det
dirra varme i far sitt smil
tru om du der
oppe dreg på ditt trekspill
slepp å sitja
rakrygga på ein gamal pinnestol
mest så eg
høyre det surkla i pipa i morgonsol
Tru om dei kan
sjå korleis eg har det inni meg
meste så
oldebesten sine augo granskar meg
at bestå veit
om at vinden bles og kasta seg
Kor mange rare
tankar den støvkluten gir meg

|