Soleis

 

Sileis du risa

mot bleiknande himmelrømder

 

andletet lysande av von

ordi dei sagde og usagde,

kroppen dirrande av liv

det medvitande glimtet

i augo

ung

aldri eldre

 

ein blenk

i myrkret,

eit ljos

med logande varme

som ei gåve

eg aldri rettleg kjende

frå einhvan

som hev gjevars kraft

..........................................................

av Jostein Krokvik

Hjem

©Design-Works 2010