FIRE ÅR

 

Min vesle ven, eg ser kor augo smiler

eg høyrer kor du djupt av lukke lær

der full av tiltru du imor meg smiler

så fort som dine kvikke føter ber

 

Og når du trygg og glad i armen kviler

eg ynskjer at eg støtt får bli deg nær,

og bere deg dei mange motgangs miler

som eingong venter deg på vegen her

 

Velsigna vere åra du er h¨å meg,

før du kjem ut i verda og veks frå meg,

og eg sit einsam att og eldest av

Men kanskje då når dagen kring meg bleiknar,

når augo dimmest og når foten veiknar,

vert du mi leidatstjerne og min stav

                                                                               Jakob Sande

 

 

©Design-Works