Høna og hane

Dikt av Torvald Tu, fra boka '' te jærs''

 

Og høna spurde sin hane så gild

''Hev du elska fleir enn meg?''

Hanenav hjarta gjorde seg til:

''Nei aldri andre enn deg,

du er den stasnasa høna eg veit

og evig så er me eitt''

 

''Du aldri hev nebbast med andre då?

Aldri, så sant eg gjel,

tatlehøns skal du 'kje høyra på

det er lygn mest alt dei fortel!

Og aldri så vil du frå meg gå?

Nei, det må du vel forstå

 

Ein time etter gjekk hanen og fann

makk til ei anna ei

og elska den nye så hjarta brann

og bryska seg gjæv og brei!

Det er einast deg som eg elskar, du

det kan du for evig tru

 

 

Torvald Tu

 

 

 

 

 

 

©Design-Works