DØRA

.........

Ti gatedører på rad

alle like

Fireåringer-motlaus

og rådvill-

leiter etter si dør,

der mor er

Går fra dør til dør

og banker på,

før han endelig finn heim

..............

Til deg som teikna

og bygde dette huset

Har du gløymt at du

eingong eigde ei dør

du alltid fann heim til?

Ei dør ulik alle andre,

ei dør du kjende og hadde tiltru til

.................

Der du som konge

i eige rike

kunne sitte trygt på trappa

med døra som vern

bakom deg

Døra du kunne

sette inn og lukke, når noko truga utanfor

...............

Har du gløymt det?

Har du gløymt at

å bu er å

kjenne seg heime

 

av Åsmund Oftedal

Hjem

©Design-Works 2010